Helse og omsorg søkjer
NAVAukra kommune Heimetenester
Helse og omsorg søkjer
NAVAukra kommune Heimetenester
Stillingsbeskrivelse
Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Det er ei øy med fastlandsdel, og kommunen har ca 3700 innbyggarar. Det tek ein kort ferjetur på 10 minutt å kome seg hit, og ferga er gratis. Her er flott natur med moglegheit for aktivitetar på hav og fjell. Kulturtilbod, aktivitetar og friluftsliv er tilgjengeleg for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgssenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.
Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og kortidsplassar. i same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustadar. Institusjon og heimesjukepleie samarbeider tett. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleiar driftar legevaktsatelitt på ettermiddag, kveld, natt og helg. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande, og det er 4 tilsette på vakt kvar natt.
Aukra Omsorgssenter er relativt ny og moderne. og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta.
Kven søkjer vi
Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne kreative og gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å sette deg inn i nye arbeidsmåtar, vere fleksibel og arbeide på tvers av avdelingar.
Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å sjølv å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Andre krav
God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
Du har god evne til å rettleie
Du oppdaterer din kunnskap
Du ser nytten av teknologi i tenesta
Du er med på å utvikle tenestetilbodet i takt med endringar i samfunnet
Du har god datakunnskap
Du meistrar norsk skriftleg og munnleg
Du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Startløn 8 års ansiennitet etter HTA
Stabilitetstillegg
Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget
Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver
Nytt omsorgssenter med gode fasilitetar
God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og jfr. kommunen si Kompetanseplan
Flyttegodtgjersle
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Aukra, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Aukra kommune Heimetenester
Andre stillinger innen samme område
Aukra kommune Barnebo barnehage
Aukra kommune Helse
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune