Fagsjukepleiar i Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga
NAVAugeavdewlinga, Helse Bergen HF
Fagsjukepleiar i Operasjonsavdelinga ved Augeavdelinga
NAVAugeavdewlinga, Helse Bergen HF
Stillingsbeskrivelse
Vi søker ein fagsjukepleiar i 100% fast stilling, der inntil 50% kan avsettast til faglege oppgåver. Drift er likevel det viktigaste ansvarsområdet, og fagsjukepleiar skal inngå i klinisk arbeid ved behov. Fagsjukepleiar skal bidra til fagutvikling, opplæring, prosedyrar og oppfølging av utstyr. Stillinga rapporterer til seksjonsleiar og samarbeider tett med assisterande seksjonsleiar og resten av teamet.
Dette er ei rolle for deg som ønsker å vere med og utvikle eit sterkt fagmiljø og sikre trygg og effektiv pasientbehandling.
Arbeidsoppgåver
• Bidra til fagutvikling, opplæring og kvalitet i operasjonsavdelinga
• Delta i klinisk arbeid ved behov
• Halda fagprosedyrar i EK oppdaterte
• Sikre at innhald i Kompetanseportalen er oppdatert
• Planleggje og koordinere opplæring av nytilsette
• Bidra i undervisning og rettleiing av personale og spesialstudentar
• Følge opp fagutviklingsplanar og bidra til innføring av nye arbeidsmetodar
• Utarbeide og følgje opp intern undervisningsplan
• Koordinere opplæring og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr i samarbeid med MTA og leiinga
• Sikre at nødvendig utstyr er tilgjengeleg for planlagd aktivitet
• Delta i vurdering og innkjøp av utstyr
• Delta i tverrfaglege prosjekt i Augeavdelinga og Helse Bergen
• Må kunne fungere som stedfortredar for seksjonsleiar ved behov
• Lære og bruke relevante administrative system som ein del av funksjonen
• Andre oppgåver kan bli delegert av seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Vidareutdanning som operasjonssjukepleiar
• Erfaring frå operasjonsavdeling
• Erfaring frå augefeltet er ønskeleg, men ikkje krav
• Relevant mastergrad er ønskeleg, men ikkje eit krav
• Evne til å lære og bruke administrative system
• God kommunikasjonsevne og gode samarbeidsevner
• Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
• Ønskeleg med erfaring frå undervisning eller rettleiing
• Personleg dugleik blir vektlagt
Personlege eigenskapar
• Løysingsorientert og trygg i samarbeid med andre
• Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og møter kollegaer og pasientar med godt humør
• Evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og med god gjennomføringsevne
• Trygg i kommunikasjon og i stand til å handtere travle og komplekse situasjonar
• Motivert for fagleg utvikling og for å bidra i forbetringsarbeid
• Sjølvstendig og ansvarsbevisst, med evne til å ta initiativ ved behov
Vi tilbyr
• Eit fagleg sterkt og engasjert miljø i Operasjonsavdelinga Auge
• Varierte og utviklande arbeidsoppgåver både fagleg og klinisk
• Tett samarbeid med seksjonsleiar, assisterande seksjonsleiar og eit erfarent operasjonsteam
• Moglegheiter for fagleg utvikling og relevante kurs
• Ein arbeidsplass som vektlegg inkludering, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Rio-Standal, Seksjonsleiar, 48608897
Ingebjørg Skoglund, Konstituert assisterande seksjonsleiar, 93628863
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5053453590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Reiseliv og mat
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Augeavdewlinga, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF