Har du lyst til å vere ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
NAVVolda kommune, Heimeteneste
Har du lyst til å vere ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
NAVVolda kommune, Heimeteneste
Stillingsbeskrivelse
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, følg denne lenka: https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
• Pleie, omsorg og praktisk bistand for heimebuande (i hovudsak eldre personar)
• Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
• Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og brukarmedverknad vert ivaretatt
• Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar
Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar
• Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
• Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
• Relevant praksis er ynskjeleg
• Arbeid i heimejukepleia krev førarkort klasse B
• Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
• Ta ansvar
• Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
• Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
• Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
• Vere løysingsorientert og ha gode haldningar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:
• Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
• Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
• Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
• Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande. Kontaktinformasjon
Jorunn Anne Tomasgard, Seksjonsleiar. Gr. 3 Hornindal, +47 94 86 72 06, jorunn.anne.tomasgard@volda.kommune.no
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar Gr. 2, +47 90 06 94 73, ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts. , Seksjonsleiar. Gruppe 1, +47 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar. Heimetenester., +47 91 13 05 21, elsebeth.melle@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 4
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5054680397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Volda kommune, Heimeteneste
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Volda kyrkjelege fellesråd
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Volda kommune, Heimeteneste