Opplæringsansvarleg Helsplattformen ved SNR
NAVKlinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
Opplæringsansvarleg Helsplattformen ved SNR
NAVKlinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Avdeling for E-helse og teknologi er motoren bak digitaliseringa i Helse Møre og Romsdal. Her arbeider vi med å utvikle og drifte moderne IT-løysingar og medisinsk teknologi som gir auka pasienttryggleik, betre arbeidsflyt og meir effektiv behandling.
Stillingane som Opplæringsansvarlege ( IKT-konsulent) har hovudansvar for å ha oversikt over arbeidsflytar i Helseplattformen for ulike faggrupper i helseføretaket, samt koordinere og gjennomføre opplæring for desse.
De vil bli ein del av HMR sitt opplæringsteam og vil i fellesskap dekke opplæring for både sjukepleiefaglege grupper og legar. Arbeidsstad vil primært vere SNR, men noko reise til andre sjukehus i Helse Møre og Romsdal må påreknast.
Arbeidsoppgåver
• Planleggje og gjennomføre opplæring for sjukepleiefaglege grupper og legar i tett samarbeid med opplæringskoordinator i HMR
• Følgje opp med leiarar, fagsjukepleiarar og kontaktpersonar på avdelings- og klinikknivå for å sikre at opplæringa blir tilpassa dei ulike behova i helseføretaket
• Bidra til at helsepersonell har den nødvendige kompetansen til å bruke Helseplattformen i sitt daglege arbeid
• Delta aktivt i kvalitetssikring av fagleg innhald i opplæringsmateriell og kurs
• Stillinga krev fysisk tilstadevering i klinikk/sjukehus
Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning innan helse, fortrinnsvis sjukepleie
• Ønskjeleg med erfaring frå opplæring og rettleiing
• Erfaring med å utvikle og tilpasse opplæringsmateriell
• Klinisk erfaring i bruk av Helseplattformen
• Pedagogiske evner og gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
• Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
• Evne til å tilpasse opplæring etter behov og nivå
• Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og rettleie andre
• Engasjement for fagleg kvalitet og kontinuerlig forbedring
• Løysningsorientert og fleksibel i ein dynamisk arbeidskvardag
• Relasjonsbyggjar som trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø
Vi tilbyr
• Gode muligheter for fagleg utvikling og samarbeid med dyktige kollegaer
• Eit inkluderande og innovativt arbeidsmiljø
• Moglegheit for å påvirke eigen arbeidskvardag og arbeidsoppgaver
• Løn etter gjeldande overeinskomster
• Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5050688473
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 04.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVKIRURGISKE POLIKLINIKKER SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Øye SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF