Lagkaptein søkast -- bli med å bygge vidare på Bygger’n Førde!
NAVFørde Bygg AS
📍 Førde, Vestland
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 3 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Kan vi friste deg til å være med på ei spennande reise?
I over 40 år har Bygger’n Førde vore ein viktig del av lokalsamfunnet -- ein stad der folk kjem for kunnskap, kvalitet og ein prat med folk som kan faget. No står vi klare for neste etappe, og ser etter ein *lagkaptein*som vil vere med å forme framtida til selskapet saman med oss. Med andre ord, framtidas Daglege leiar for Bygger`n Førde!
Vi ser etter deg! Du som er ein god relasjonsbyggar, som trivst med ansvar og som likar folk. Du som får energi av å sjå både kundar og kollegaer lukkast, og som finn kombinasjonen av økonomi, strategi, kundeoppleving og leiing spennande!
Som dagleg leiar får du ansvaret for å leie og utvikle butikken i Førde. Du blir limetmellom kundar, konsern, eigarar og tilsette, og spelar ei sentral rolle i å løfte og utvikle selskapet vidare mot framtida.
Utover dette blir dei viktigaste oppgåvene dine å
• bygge og motivereeit sterkt team
• vidareutvikle kundeporteføljen-- både proff og privat
• halde oversikt over drift, budsjett og resultat
• bidra aktivt i den daglege verksemda, og vere tett på både kundar og kollegaer
• sjå og gripe nye marknadsmoglegheiter
Kort sagt: Du blir den som får folk, fag og forretning til å dra i same retning.
Kven er du
Du er ein trygg og tydeleg leiar som får folk med deg, trivst med ansvar og likar at det er høgt tempo. Du ser løysingar, får ting til å skje -- og finn glede i å sjå både folk og resultat vekse. Vi ser for oss at du med jamne mellomrom likar å ta ein fot i bakken for å sikre at kompasset «viser rett», og at du allereie er høgt verdsett for evna di til å utfordre det etablerte og våge å tenkje nytt.
I tillegg ser vi for oss at du
• har ein motiverande og inkluderande leiarstil
• gjerne har erfaring frå byggebransjen, eller har stor kunnskap og interesse for faget
• har god forretningssans og økonomisk forståing
• er ein sterk nettverksbyggar
• trivst med å kombinere leiing og praktisk arbeid
• er strukturert, engasjert og lett å samarbeide med
Vi håpar du kan kjenne deg att i Bygger’n sine verdiar -- Ansvarleg, Engasjert, Kvalitet og Tilgjengeleg *--*og at desse blir godt synlege i arbeidet du, tilsette og styret saman gjer framover.
Kva vi kan tilby
Vi vil gje deg ein arbeidskvardag prega av tillit, utvikling og ansvar. Hos oss får du ikkje berre tillit -- du får også høve til å gje det vidare. Du får utfordringar som gjer at du veks, og du blir del av eit lokalt, samspelt lag med motiverte kollegaer og eit styre som heiar på nye tankar og endringar.
Klarte vi å freiste deg til å være med på ei spennande reise?
Ta kontakt for ein uforpliktande konfidensiell prat, eller send ein søknad!

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
F
Førde Bygg AS
Andre stillinger innen samme område
Auto 8-8 Forum
Førde, Vestland
Heltid