Lege i spesialisering radiologi
NAVRADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF
Lege i spesialisering radiologi
NAVRADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Som radiolog hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling. Radiologi som fagområde veks raskt, og vi er på veg inn i ei tid der ny teknologi gir oss uante moglegheiter!
Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss vil du få erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab. Vi har 8 LIS-stillingar og 13 overlegestillingar. Frå 2025 vil overlegestillingane utelukkande vere besette av eigne, faste tilsette. Overlegane våre utgjer ei inkluderande og fagleg engasjert gruppe som bidreg til gode spesialiseringsløp for våre LIS. Fleire av legane har doktorgrad, så tilhøva ligg til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette. Vi har allereie ein LIS som startar hos oss i 2026. Vil du vere med i gjengen?
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk!
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, vi har ledig vikariat fra 01.01.2026-31.12.2026. Oppstartsdato etter avtale med seksjonsleiar. Intervju av søkjarar vert gjort fortløpande.
Ålesund:
Ålesundsregionen er eit eldorado av fjell og sjø og byr på varierte naturopplevingar i fritida. Byen har òg eit rikt kulturliv. Flyplassen ligg sentralt, om lag 25 minutt frå sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, både innanlands og utanlands.
Arbeidsoppgåver
• Du inngår i ei 8-delt vaktordning med tilstadeverande teneste 24/7 og overlege som bakvakt med heimevakt om natta
• På dagtid roterer du mellom ulike fagområde som CT/MR, ultralyd og gjennomlysning, samt fagdagar
• Fast internundervisning kvar veke, i samarbeid med radiologisk avdeling i Volda
• Ved oppstart får du tildelt rettleiar og ein tilpassa opplæringsplan for dei første to månadene før sjølvstendige vakter
• Gruppe 1-teneste kan gjennomførast ved St. Olavs hospital, Oslo universitetssjukehus eller andre universitetssjukehus
Kvalifikasjonar
• Gyldig norsk autorisasjon som lege
• Godkjend del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
• Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Fagleg engasjert og lærevillig
• Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
• Trivst med teamarbeid
• Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar som passar til stillinga vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Tom Atle Solberg, Seksjonsleiar, tom.atle.solberg@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5050847396
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Bouvet ASA
EGON ÅLESUND
Vard Group AS
Aaland Bil
Fagskolen Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune