Dagleg leiar
NAVSetesdal interkommunalt politisk råd
📍 Valle, Agder
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 1 uke siden
Dagleg leiar
NAVSetesdal interkommunalt politisk råd
📍 Valle, Agder
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Setesdal interkommunale politiske råd (IPR) – eit samarbeid mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral – søkjer ein initiativrik og strategisk dagleg leiar som vil vere ein nøkkelperson i utviklinga av regionen. Kontorstad i Valle.
Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å:
• Følgje opp politiske vedtak og sikre god gjennomføring.
• Koordinere samarbeid mellom kommunane og andre aktørar.
• Vere ein pådrivar for regional utvikling og påverke rammevilkår.
• Bidra til marknadsføring av Setesdal som ein berekraftig og attraktiv region for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Visjon:
Setesdal – ein berekraftig og attraktiv region for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Mål:
Setesdal IPR skal styrke samarbeidet mellom kommunane, fremje regionen sine interesser nasjonalt og regionalt, og vere ein drivkraft for utvikling.
Strategiar:
• Påverknad og dialog med regionale og nasjonale aktørar.
• Profilering og marknadsføring av regionen.
• Kompetanseutvikling og innovasjon.
Rammer:
Setesdal IPR er inne i ein omstillingsprosess med redusert økonomisk ramme, noko som krev effektiv ressursbruk og god styring.
Arbeidsoppgaver
• Følgje opp strategisk retning og handlingsplan for Setesdal IPR
• Koordinere politiske prosessar og sikre kvalitet i saksframlegg
• Representere rådet på regionale og nasjonale arenaer
• Ha ansvar for budsjett, personal og prosjektstyring
• Styrke omdømet til Setesdal gjennom marknadsføring og kommunikasjon
• Leggje til rette for kompetanseutvikling og samarbeid med næringsliv og utdanning
Kvalifikasjoner
• Høgare utdanning tilsvarande bachelor innafor relevant fagområde
• Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
• Erfaring med strategisk arbeid, prosjektleiing og offentleg forvaltning
• God forståing for politisk-administrative prosessar
• Økonomisk innsikt og god skriftleg/munnleg framstillingsevne
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlige egenskaper
• Initiativrik og strukturert
• Løysingsorientert
• Gode relasjonelle eigenskapar
Vi tilbyr
• Ei samfunnsnyttig og strategisk leiarstilling med høg påverknad
• Ei spennande og utfordrande stilling med stor påverknadskraft
• Moglegheit til å forme framtida for ein unik region med sterke tradisjonar og store naturressursar
• Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Lise Lund Stulien, Styreleiar, 45906631, inger.lise.lund.stulien@aseral.kommune.no
Karina Sloth, Kst. dagleg leiar, +47 48008006, karina.sloth@bykle.kommune.no
Arbeidssted
Kjellebergsvegen 1
4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommune
Referansenr.: 5058171601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Valle, Agder
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
S
Setesdal interkommunalt politisk råd
Andre stillinger innen samme område
Setesdal Hud Og Velvære As
Valle, Agder
Heltid
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Kristiansand
Kristiansand S, Agder
Heltid
Arendal, Sørlandet sykehus HF
Arendal, Agder
Heltid