Off. godkjent sjukepleiar
NAVHeimetenester, Ørsta kommune
Off. godkjent sjukepleiar
NAVHeimetenester, Ørsta kommune
Stillingsbeskrivelse
Vil du vere med å forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og hektisk kvardag. Med oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med ulike samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar for at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim.
Vi satsar på di utvikling !
Du får nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Fleksibel turnus - trygt arbeidsmiljø Med oss kan du jobbe langvakter både på helg og i vekene. Det vil gi deg ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer på vakt. Vi er ei teneste i utvikling som tilpassar oss framtidas behov for å sikre gode helsetenester. Vi jobbar fleire timar på helg, etter behov i tenesta. Det kan vere med å gi deg gode friperiodar.
Vi søkjer etter ein medarbeidar med engasjement, godt humør og vilje til å bidra til vårt gode fellesskap - og til å vidareutvikle ei bærekraftig teneste for framtida.
Arbeidsoppgåver
• Utøving av helsetenester til heimebuande, utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
• Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
• Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
• Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
• Veiledning og opplæring av medarbeidarar
• Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.Kvalifikasjonar
• Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
• Relevant arbeidserfaring er ein fordel
• Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
• God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
• Du må ha førarkort klasse B
• Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
• er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
• trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
• er engasjert, løysingsorientert og tek ansvar
• søkjer faglege utfordringar
• har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• Kompetanseheving gjennom e-læring, internundervising og kurs
• Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Vi tilbyr rekrutteringstilskot til nytilsette mot bindingstid.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr. 2- stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 24
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5054284383
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Ørsta, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Heimetenester, Ørsta kommune
Andre stillinger innen samme område
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Mio BPA
Teneste for psykisk helse og rus, Ørsta kommune