Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast
NAVAvdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
📍 Fyresdal, Telemark
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Som sjukepleiar/vernepleiar på pleie- og omsorgssenteret vil du gå i årsturnus, med dag- og kveldsvakter, langvakter i vekedagar og langvakt 6. kvar helg! Med komprimert jobbing vil du også kunne få langfriperiode 6. kvar veke! Er du 3. årsstudent, eller har vidareutdanning innan relevante fagfelt er du også velkommen til å søke. Vi ynskjer DEG med på det laget!
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi har innført kjernejournal i journalsystem og deltek i nasjonale digitale innføringsløp. Vi er med i interkommunalt simuleringsprosjekt og vi har eget godt utstyrt øvingsrom med moglegheit for fagutvikling.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Legevakt i kommunen 24/7. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode!
Arbeidsoppgåver
• Sjukepleiefaglege oppgåver
• Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
• Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
• Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
• Multidose- og generell legemiddelhandtering
• Assistere lege på legevakt ved behov
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
3. årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke
Personlege eigenskapar
• God fagleg dyktigheit og interesse for faget
• Gode kommunikasjonsevner
• Utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
• Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
• Likar utfordringar
• Har brukar i fokus
• Har stor arbeidskapasitet
• Ansvarsfull og stabil
• Gode digitale ferdigheiter
• Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
• Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
• Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
• Akuttkurs for legevaktspersonell
• Fagutvikling og simulering
• Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
• Løn etter avtale
• Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
• Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår:• Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
• Teieplikt
• Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90 77 08 30, gry.bergland@fyresdal.kommune.no
Arbeidsstad
Prærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5060806454
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Fyresdal, Telemark
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
A
Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Andre stillinger innen samme område
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Fyresdal, Telemark
Heltid