Er du ein engasjert og kreativ dansepedagog som brenn for å utvikle danselyst og skaparglede? Då er Ål kulturskule staden for deg!
NAVÅl kommune Ål kulturskule
📍 Ål, Buskerud
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Ål kulturskule søker dansepedagog i 100 % fast stilling frå 1. august 2026.
Om Ål kulturskule
Ål kulturskule tilbyr over 300 elevplassar innan musikk, dans, teater/drama, sceneteknikk, yoga og visuell kunst. Målgruppa vår er barn og unge frå 4 til 19 år, men vi har òg tilbod for vaksne innan dans og yoga. Visjonen vår, "Kulturskule for alle", handlar om å skape opplevingar, utvikling og skaparglede for alle som deltek. Vi vektlegg leik, kreativitet og elevmedverknad i alt vi gjer. Vi er stolte av dei årlege kulturprosjekta våre i det flotte kulturhuset vårt, ofte i samarbeid med festivalar og aktørar i kulturlivet. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag med mykje tverrfagleg samarbeid og rom for å påverke, skape og utvikle saman med kjekke og dyktige kollegaer.
Ål skal vere eit kraftsenter for dans i Hallingdal – her kan du bli med på å forme framtida!
Arbeidsoppgåver• Undervise i jazzdans, moderne, barnedans, hiphop og ballett (dei tre første vert særleg vektlagde).
• Bidra aktivt til utviklinga av fordjupningsprogrammet Hallingdal Dansekompani
• Sikre at elevane si læring og utvikling alltid står i sentrum.
• Starte, leie og gjennomføre framsyningar og danseprosjekt.
• Styrkebasert rettleiing i tett samarbeid med elevar
• Delta aktivt i utviklingsarbeid på tvers av fag ved kulturskulen.
Kvalifikasjonar• Høgare utdanning i dans (minimum bachelorgrad), gjerne med fordjuping i jazzdans, samtidsdans eller klassisk ballett.
• Tilfredsstillande pedagogisk kompetanse. Søkjarar utan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan òg bli vurderte, (med vilkår om å fullføre PPU innan ein avtalt tidsperiode.)
• Erfaring frå undervisning i kulturskule, vidaregåande skule eller liknande er ein fordel.
• Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi ser etter deg som• Har solid dansefagleg kompetanse og god fysisk form.
• Er ein dyktig formidlar med stor skaparglede og musikalitet.
• Møter elevane med varme, respekt og motiverer til meistring og utvikling.
• Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert.
• Er ein lagspelar som bygger gode relasjonar.
• Er strukturert, sjølvstendig og sterk på gjennomføring.
• Har erfaring frå prosjektleiing og administrativt arbeid.
• Tenker stort og framtidsretta, og brenn for dansen sin plass i samfunnet.
Vi tilbyr• Ein kommune med sterkt kulturfokus – vi har kultur for kultur!
• Gode og støttande kollegaer i ein framtidsretta organisasjon.
• Fantastiske fasilitetar: to store dansesalar (120 m² og 70 m²) og eiga dansescene.
• Samlokalisering i Sprang – produksjons- og visningsarena for dans.
• Samarbeidsmoglegheiter med profesjonelle aktørar frå heile verda gjennom residensordningar på Ål kulturhus.
• Motiverte og engasjerte elevar i eit levande dansemiljø.
• Eit varmt og inkluderande kulturskulemiljø der vi heiar på kvarandre.
• Regionalt nettverk for dansepedagogar i Hallingdal med satsing på fagutvikling og kompetanseheving.
• Ei årsramme for undervisning i 100 % stilling på 570.
Søknad og politiattest• Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
• Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
• Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Ål, Buskerud
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
�
Ål kommune Ål kulturskule
Andre stillinger innen samme område
Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
Ål, Buskerud
Heltid
Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
Ål, Buskerud
Heltid
Ål kommune Oppvekstsektoren
Ål, Buskerud
Heltid