Fastlegevikariat
NAVHelse, omsorg og velferd Fjord kommune
Fastlegevikariat
NAVHelse, omsorg og velferd Fjord kommune
Stillingsbeskrivelse
Då ein av våre fast tilsette legar skal ha sjukehusteneste, søker vi ein engasjert og nysgjerrig fastlegevikar i hennes heimel.
Oppstart frå 1. mars 2026 eller etter avtale.
Vikariatet går minst fram til og med desember 2026.
Listestorleiek er på kring 650.
Vi nyttar CGM journal.
Vi er heldige som har alle stillinger i helseetaten besatt.
Teamet består av kommuneoverlege, fire fastlegar og ein til to LIS 1 legar, helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut.
Det er eigen einingsleiar med ansvar for administrativt driftsarbeid ved kontora.
Vi er en ALIS-kommune, kor kommuneoverlegen er rettleiar for alle legane.
Han har løpande rettleiing med kvar enkelt lege, samt faste månedlege møte med alle.
Hvis kandidaten ønsker det, kan vi tilby ALIS avtale.
Fjord kommune består av sju bygdelag. Vi har legekontor i to av dei, nemleg Stordal og Valldal.
Arbeidssted kan avtalast nærmare med aktuell kandidat.
Legen må delta i interkommunalt legevaktsamarbeid ved Ørskog legevaktstasjon, samt nattlegevakt i Ålesund kommune, begge steder fastlønn.
Ørskog - har legesekretær fast ansatt (17-delt vakt), mandag-fredag kl. 18-21, lørdag og søndag kl. 12-20.
Nattlegevakt ved Ålesund Legevakt, ca. 5 stk. pr. år.
I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Eidsdal, Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.
For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:
• Valldal - The Adventure Valley - Fjord Norway
• Opplev Fjord i Fjord kommune
For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:
• Ålesund og Sunnmøre - der fjell og fjord møter hav (visitnorway.no)
Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen. Det er veldig godt samhold i kollegialet, der alle er interessert i friluftsliv.
Møt to av legane i Fjord kommune: Det gode legelivet i Fjørå (opplevfjord.no)
Legane har faste fagmøter, og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund.
Vikariat vil vere på 80 % stilling, men om kandidat ønsker 100 %, vil dette la seg ordne.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
• Oppgåvene er i samsvar med gjeldandelover, forskrifter og avtaleverk.
• Klinisk praksis på eiga liste, samt kollegeal fråværsdelning
• Offentleg legeoppgåver inntil ein dag pr. veke etter nærare avtale
• Helsefremmande og førebyggande arbeid
• Tverrfagleg samarbeid
• Kommuna har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt mellom alle legane i kommuna.
Kvalifikasjonar
• Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
• Må ha gjennomført LIS 1 teneste
• Spesialist i allmennmedisin eller klar for å starte spesialisering i LIS 3
• Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
• Personleg eignaheit blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
• Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
• Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt
• Interesse for allmennmedisin og forebyggende arbeid
• Godt humør og positiv framtoning
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• God digital kompetanse
• Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert
• Evne til å arbeide strukturert, målretta sjølvstendig og i team
• Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for legar
Vi tilbyr
• Varierte og overkommelege arbeidsdagar, kommuna er opptatt av å kunne tilby gode arbeidsvilkår
• Triveleg arbeidsmiljø med kvalifiserte medarbeidere
• Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS, og kan dermed tilby ALIS-avtale
• Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS 3
• Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
• Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommuna
• Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
• God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
• Fastlønn etter avtale
• Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner
• Ei verksemd i utviling
• Gode samarbeidspartnarar i andre delar av helsetenesta i kommunen
Kontaktinformasjon
Henrik Steenfeldt-Foss, Kommuneoverlege, 92302041
Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, 41867937
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef helse, omsorg og velferd, 95855960
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5056686714
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Valldal, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Andre stillinger innen samme område
Kokk PLO Valldal
NAVHelse, omsorg og velferd Fjord kommune, PLO Valldal - Fjord kommune
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune, PLO Valldal - Fjord kommune
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF