Vil du jobba i ein ny, liten og sentrumsnær barnehage?
NAVLærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Vil du jobba i ein ny, liten og sentrumsnær barnehage?
NAVLærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Stillingsbeskrivelse
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Har du lyst til å vere barnehagelærar i Lærdal kommune, då kan denne stillinga vere aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg barnehage med to avdelingar, som er ein del av Borgund Oppvekstsenter. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen og SFO, og ligg midt i lokalsamfunnet. Me har eit inkluderande og trygt barnehage- og arbeidsmiljø, der læring gjennom leik står sentralt i det pedagogiske arbeidet.I Borgund barnehage har både barn og vaksne fokus på fellesskap, trivsel og berekraft i kvardagen. Me legg vekt på gode relasjonar, nærleik til naturen og bruk av nærmiljøet som læringsarena. Barnehagen arbeider aktivt med å skape ein heilskapleg og trygg oppvekst for barna, i tett samarbeid mellom barnehage, skule og heim.
Gjennom felles refleksjon og rettleiing arbeider me systematisk med å utvikle eigen og felles pedagogisk praksis. Me møtest jamleg for å drøfte utfordringar, dele erfaringar og ta kunnskapsbaserte pedagogiske val – alltid med barnet sitt beste som utgangspunkt.
Me søkjer etter ein barnehagelærar i fast stilling snarart. Tiltreding etter avtale.Andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring frå arbeid med barn kan òg verte vurderte.
Utdanning/kvalifikasjonar for stillinga:• Godkjent barnehagelærarutdanning
• Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om ansetting og før tiltreding
• Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
Personlege eigenskapar:• Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
• Du er oppteken av barn si utvikling, og har fokus på leik og læring gjennom trygge relasjonar
• Du har god kjennskap til rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver
• Du trivast med å jobbe tett på barna, og samarbeider godt med foreldra deira
• Du vert opplevd som ein trygg og tydeleg vaksenperson i møte med barna våre
• Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
• Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
Arbeidsoppgåver:• Planlegging- og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen
• Tett samarbeid med pedagogisk leiar på avdelinga
• Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
• Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
• Vere bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:• Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
• Pensjonsordning
• Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge barnehagane i Lærdal kommune.
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:• Full barnehagedekning
• Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
• Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
• Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Lærdal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Andre stillinger innen samme område
Ortopedisk rehabilitering Lærdal, Helse Førde
Lærdal Ferie- og Fritidspark c/o Aarethun AS
Lærdal Ferie- og Fritidspark c/o Aarethun AS
Lærdal Ferie- og Fritidspark c/o Aarethun AS
Lærdal Ferie- og Fritidspark c/o Aarethun AS