Rådgjevar skoleskyss
NAVSkyss
📍 Bergen, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Rådgjevar skoleskyss
NAVSkyss
📍 Bergen, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Vil du arbeide med skoleskyss for elevar i Vestland? Skyss har ansvar for å sikre eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Vi utviklar, planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje. Vi sørger også for transport for rundt 27 000 elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på fri skoleskyss. Arbeidet vårt påverkar kvardagen til mange menneske, og vi har stor respekt for oppgåva.
Vi har no ledig eit vikariat med varigheit omlag eitt år i 100 % stilling og treng så snart som råd ein medarbeidar som kan styrke og bidra til utvikling av arbeidet vårt med skoleskyssen. I arbeidet inngår vurderingar av kven som har rett til fri skoleskyss og å tilrettelegge transporten. Vi har mykje kontakt med kommunar, skolar, transportselskap, foreldre og elevar, og vi vil heile tida utvikle og forbetre tenestene våre.
Arbeidsoppgåver
I vikariatet som rådgjevar for skoleskyss vil du inngå i ei engasjert og fagleg kompetent faggruppe i Skyss. Rådgjevaren må rekne med stor variasjon i oppgåvene, men sentrale arbeidsoppgåver vil vere å
• vurdere søknader om skoleskyss (vedtak etter forvaltningslova)
• handsame klagesaker, inkludert dialog og oppfølging med Statsforvaltaren
• ha dialog med skolar, kommunar og andre interessentar
• bidra til utviklingsarbeid og forbetring innanfor skoleskyssområdet
• delta i interne og eksterne prosjekt etter behov.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, til dømes juss, økonomi, samferdsel eller samfunnsvitskaplege fag. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad vil også bli vurderte, då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
I tillegg er det fint om du har
• god skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk
• erfaring og/eller kjennskap til offentleg forvalting/sakshandsaming
• erfaring og/eller kjennskap til relevant lovverk, som opplæringslova og forvaltningslova
• kjennskap til kollektivtransport og logistikk
• erfaring med juridiske problemstillingar i saks- og klagehandsaming.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
• har evne til å sette deg raskt inn i komplekse problemstillingar og utforme løysingsalternativ
• er strukturert og kvalitetsbevisst
• jobbar målbevisst og sjølvstendig og leverer som avtalt
• har samarbeidsevne, vilje og evne til å dele kunnskap og involvere andre.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi
• mogleigheit for å utvikle seg fagleg
• gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
• fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Andre opplysningar:
• Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
• Alle tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
• Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ingrid Husevåg Døskeland, konst.faggruppeleiar skoleskyss, 45653611, ingrid.husevag.doskeland@skyss.no
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@gmail.com
Arbeidsstad
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5054031688
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
S
Skyss
Andre stillinger innen samme område
Dely AS Peppes Landås
Bergen, Vestland
Heltid
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Bergen, Vestland
Heltid
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Bergen, Vestland
Heltid
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Bergen, Vestland
Heltid