Sommarvikariater - Helesesentera
NAVKvinnherad kommune Helse
Sommarvikariater - Helesesentera
NAVKvinnherad kommune Helse
Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer sjukepleiarar, sjukepleie- og bioingeniørstudentar og medisinstudentar som har gjennomført 4. år som har lyst på ein spennande sommarjobb i ferieperioden. Vi søkjar deg som kan arbeide i minst fire av desse vekene, gjerne lengre. Det kan vert moglegheit for vidare arbeid utover hausten. Me vil kunne tilby deg ein lærerik og ikkje minst utviklande sommarjobb som vil gi deg nyttig erfaring vidare i yrkeslivet. Me arbeidar heilskapleg med pasienten i fokus og vi har eit nært samarbeid med legane.
Legetenesta i Kvinnherad kommune har fire kontorstader: Halsnøy, Husnes , Rosendal og Hatlestrand, samt legevakt med base på Husnes helsesenter.
Arbeidsoppgåver på helsesenterane:• Handtera førespurnadar frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp
• Kunne rettleia, gi råd til pasientar, prioritera og setja i verk behandlingsnivå
• Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
• Laboratoriearbeid
• Behandle kroniske og akutte tilstandar på skadestove
• Hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
• Administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen
Hovudoppgåvene på legevakta:• Ta imot alle førespurnadar på telefon og i ekspedisjon
• Kunne klinisk prioritera, observera og behandla pasient på skadestove/akuttstove
• Gi råd og rettleiing, vurdera og avklara pasientar ut frå «Norsk Index for medisinsk nødhjelp»
• Ta imot, stabilisera, gi sjukepleie og behandling til akutt sjuke pasientar som kjem med ambulanse eller kjem sjølv til legevakta
• Hjelpa lege ved målingar, ta blodprøvar, assistera ved enkel inngrep
Kvalifikasjonar• Sjukepleiarar/ bioingeniørstudentar og medisinstudentar som har fullført 4. år
• Det er ynskjeleg med erfaring frå praktisk pasientbehandling, men nødvendig opplæring vil bli gitt
• Må kunna handtera akutt-situasjonar og ha høg arbeidskapasitet. Ha interesse for å jobba med akutt sjuke pasientar
• Gode IKT- kunnskapar
• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg
• Det er ønskeleg at du i tillegg beherskar engelsk og/eller andre språk
Personlege eigenskapar• Me ynskjer kreative og engasjerte tilsetja med eit positivt og inkluderande menneskesyn
• Du må vera ansvarsbevisst og kunne jobba sjølvstendig
• Du har fagleg personleg styrke til å handtera uventa situasjonar som kan oppstå
• Du er punktleg, fleksibel og lærevillig
• Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det er ønskeleg med opplæring i veke 24, med er mogleg å starta med opplæringsvakter i forkant av arbeidsperioden i samband med Påsken i uke 14. Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.
Vi tilbyr• Eit positivt og godt fagmiljø
• Opplæring i generelt legevaktarbeid, InfoDoc, Triage og Nødnett
• Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
• Utviklande og spennande stilling der få dagar er like
TilsetjingTilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
OffentligheitOpplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Avdelingsleiar for Husnes helsesenter/legevakt Monica Helvik Sletten, tlf. 53 46 16 00
Avdelingsleiar for Halsnøy helsesenter Wanda Eliassen Medhus, tlf. 53 46 15 30
Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Rosendal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 dager siden
Om bedriften
Kvinnherad kommune Helse
Andre stillinger innen samme område
Rosendal Fjordhotel As
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Kvinnherad kommune Bringedalsbygda oppvekstsenter
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Kvinnherad kommune Rosendalstunet