Lærling ernæringskokk
NAVVoss sjukehus, Helse Bergen HF
📍 Voss, Vestland
📂 Reiseliv og mat
📅 Publisert 1 uke siden
Lærling ernæringskokk
NAVVoss sjukehus, Helse Bergen HF
📍 Voss, Vestland
📂 Reiseliv og mat
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Me søkjer etter ein lærling i faget ernæringskokk i 100% stilling. Arbeidet inneber jobb på dagtid og noko kveldstid (til kl. 19.00), og har arbeid 3. kvar helg.
Kjøkkenet produserer og leverer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset.
Me lagar mykje heimelaga mat etter kok - server metode til pasientane og har ansvar for maten i kantina til tilsette og pårørande.
Kjøkkenlokalet er nyoppussa og har heilt nytt utstyr frå mai 2025.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. Voss sjukehus har rundt 400 tilsette.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
• Tilbereding og produksjon av varm og kald mat
• Hygiene og mattryggleik
• Oppvask, rydding og reinhaldsoppgåver
• Service i kantine ved kjøp og salg av mat og drikke
• Jobb i turnus, med dag, kveld og helgearbeid
• "Lærlingdagar" med fokus på læreplan og læremål som ikkje inngår i dei daglege arbeidsoppgåvene
Kvalifikasjonar
• Fullført vidaregåande opplæring i resturant-og matfag (2 år)
• Interesse for matfaget
• Interesse for spesialkostar og ernæring
• Kunnskap om reinhald og god hygiene i alle ledd
• Den som vert tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Like eit hektisk kjøkkenmiljø
• Ynskje om å lære
• Allsidig og ansvarsbevisst med evne til å sjå arbeidsoppgåvene
• Vera god på samarbeid
• Evne til å arbeide sjølvstendig
• Serviceinnstilt
Me tilbyr
• Nytt og moderne kjøkken med nytt utstyr (2025)
• Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Eit triveleg og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, rettleiing, fagleg og personleg oppfølging
• Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplane
• Rettigheiter og plikter som andre tilsette i sjukehuset
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Tesdal, Seksjonsleiar kjøkken, 90060585, kristin.tesdal@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5060242368
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 01.03.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Reiseliv og mat
- Sted
- Voss, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
V
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
MOTOR SERVICE BILSENTER AS
Voss, Vestland
Heltid
Voss herad Vetleflaten omsorgssenter 2. etg.
Voss, Vestland
Heltid
Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Voss, Vestland
Heltid
Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga
Voss, Vestland
Heltid