Psykologspesialist - Lokal sikkerheit
NAVKlinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Psykologspesialist - Lokal sikkerheit
NAVKlinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Stillingsbeskrivelse
Frå april 2026 blir det etablert det ytterlegare ein lukka sengepost, Lokal sikkerheit og rehabilitering. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for Sandvikenområdet, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod. Med den nye sengeposten og dagens lokal sikkerheitsavdeling er målet å utvikle eit framtidsretta og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar med samansette behov.
Vi søker no psykologspesialist i 100% fast stilling ved Lokal sikkerheitsavdeling.
Arbeidsoppgåver
• Inngå i tverrfaglege team kor utgreiing, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar blir gjennomført i tråd med overordna krav og nasjonale føringar
• Vere ansvarleg for vedtak etter psykisk helsevernlova
• Gjere utgreiing av risiko for vald
• Yte psykologfagleg rettleiing og bistand i dei tverrfaglege teama ved sengeposten, med særleg fokus på miljøterapeutisk tilnærming
• Delta og bidra i utviklingsarbeid
• Ha utstrekt samarbeid i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
• Bidra med undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og annan spesialisthelseteneste
• Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
• Det kan bli aktuelt å ha utgreiings-og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon
• Psykologspesialist med godkjent spesialitet innan vaksenpsykologi
• Vedtakskompetanse i samsvar med psykisk helsevernloven
• Erfaring frå døgnpost, rehabilitering og/eller arbeid med samansette pasientforløp er ønskjeleg
• Dokumentert interesse for rehabilitering, utviklingsforstyrringar og/eller rettspsykiatriske problemstillingar er ein fordel
• Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
• Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
• Du er positiv, inkluderande og har eit godt lag med folk
• Du har evne til å inspirere, rettleie og engasjere medarbeidarar
• Du kommuniserer godt og bygg tillit i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
• Du trivst i tverrfaglege team og meistrar høgt tempo og krevande situasjonar
• Du er strukturert, målretta og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
• Du er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg lett nye situasjonar
• Du har god fagleg vurderingsevne og held deg roleg og profesjonell under press
• Du viser respekt, empati og profesjonalitet i møte med pasientar
• Du har eit sterkt engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
• Du bidrar aktivt til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
• Personlege eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
• Godt arbeidsmiljø
• Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
• Samarbeid med erfarne spesialistar og tverrfaglege team
• Moglegheit til å bidra til utvikling av miljøterapi og heilskaplege pasientforløp
• Høve til å delta i systematisk utviklingsarbeid og forsking
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jørn Høyset, Ass klinikkdirektør, 90186872, johy@helse-bergen.no
Frøydis Haugan, Klinikkdirektør, 90825279, froh@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5060200529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Dely AS Peppes Landås
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus