Har du lyst å vere ferievikar ved Vartdal helsetun i sommar?
NAVOmsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Har du lyst å vere ferievikar ved Vartdal helsetun i sommar?
NAVOmsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Stillingsbeskrivelse
Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, studentar, ufaglærte og pensjonistar! Tilsetting vert gjort fortløpande.
Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Tenesteområdet omsorg og sjukeheim yter tenester til menneske som har behov for hjelp og støtte på grunn av sjukdom, alderdom og funksjonsnedsetting. Dette inkluderer blant anna hjelp til egenmestring, medisinsk behandling, hjelp til daglege aktivitetar, samt sosial og psykososial støtte. Måler er å sikre at dei som bur på sjukeheim og i eigen heim, får ein trygg og verdig kvardag med tilpassa aktivitet, støtte til egenmestring, pleie og omsorg som møter deira individuelle behov. Tenestene kan omfatte rehabilitering, fysisk aktivitet, pleie, omsorg og andre tiltak som fremjar livskvalitet og velvære.
Hjå omsorg og sjukeheim får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike behov og som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig.
Sjukeheimsavdelingane og bufellesskapa har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga i og heimebasert omsorg. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Tenesteområdet gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje.
Arbeidsoppgåver
• Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved Vartdal Helsetun
• Følgje og oppretthalde rutiner knytt til avdelinga og den enkelte tenestemottakar sine tenester og behov
Kvalifikasjonar
• Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta
• Ynskje om at du har relevant praksis / erfaring
• Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
• Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
• Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet
• Kunne ta ansvar, vere løysingsorientert og fleksibel
• Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
• Vere ansvarsbevisst,fleksibel og like utfordringar
• Vere engasjert, strukturert og bidra til eit positivt fellesskap
• Ha ynskje om å bida til å gi eit godt tilbod til bebuarane våre
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta kommune, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Informasjon til søkjaren:
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune tilbyr følgande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag*:
• Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 1.år (60 stp.) - 85% av løn høgskuleutdanna
• Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 2.året (120 stp) - 90% av løn høgskuleutdanna
• Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 3.året (180 stp) - 95% av løn høgskuleutdanna
• Anna relevant høgskuleutdanning fullført 60 stp. - utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 7 000
• Anna relevant høgskuleutdanning fullført 120 stp. -utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 14 000
• Anna relevant høgskuleutdanning fullført 180 stp. - Løn tilsvarande fagarbeidar (+ evt ansiennitet)
* For å vere kvalifisert til denne løna må søkjaren levere dokumentasjon frå vitnemålsportalen på studie samt fullførte studiepoeng innan utgangen av vikarperioden.
Kontaktinformasjon
Sara Vartdal Vinjevoll, Avdelingsleiar Vartdal helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
6170 Vartdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5058062624
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 09.08.2026
Søknadsfrist: 01.04.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Vartdal, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Andre stillinger innen samme område
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Brageva AS
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Mestergruppen Byggevare AS