Sommarvikar som ergoterapeut
NAVTerapeuteining Stord sjukehus
📍 Stord, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden
Sommarvikar som ergoterapeut
NAVTerapeuteining Stord sjukehus
📍 Stord, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Er du ergoterapeut og vil jobbe i eit tverrfagleg team som fokuserer på å fremje helse, meistring og livskvalitet? Søk sommarjobb hos oss!
Terapeuteining Stord har ledig sommarvikariat for ergoterapeut. Vi har fem ergoterapeutstillingar. Ferievikaren vil få ansvar for pasientar ved rehabiliteringsposten. Det vil bli sett av god tid til opplæring.
Rehabiliteringsposten skal ha ope 8 døgnplassar ved sommardrifta. Avdeling for rehabilitering tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå 16 kommunar som høyrer til Helse Fonna. Tilbodet er for pasientar som etter sjukdom eller skade har fått eit funksjonstap, motorisk og/ eller kognitivt. Dette kan vere pasientar som har hatt hjerneslag, traumatisk hovudskade, ryggmargsskade, Guillain-Barré, parkinson, MS, kreft, lang tids covid, eller andre skader/ sjukdommar. Ergoterapeutane jobbar i tverrfagleg team som består av fysioterapeut, helsefagarbeidar, lege, logoped, nevropsykolog, sjukepleiar og sosionom.
Terapeuteining Stord høyrer til Avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Stord ligg sentralt midt mellom Bergen og Stavanger, og det går dagleg direktefly mellom Stord og Oslo. Stord kan by på koseleg småbyliv, flott natur; både fjell og skjærgård, og eit rikt sports- og kulturliv.
🔹Vi håpar dette høyres interessant ut, og ønsker deg velkommen til å søke sommarjobb hos oss!
Kva går jobben ut på?
• Kartlegging og behandling av pasientar
• Dokumenteringsarbeid
• Delta i tverrfaglege møter, målmøter og nettverksmøter
• Tverrfagleg samarbeid internt på sjukehuset
• Samhandling med kommune og pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Norsk autorisasjon som ergoterapeut. Ergoterapeutstudent som har fullført 2. året av ergoterapeutstudiet, og som har relevant erfaring, kan bli vurdert for stillinga dersom vi ikkje får andre kvalifiserte søkarar.
• Fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/ spesialisthelstenesta
• Fordel med arbeidserfaring innan rehabilitering, hjerneslag og nevrologi
• Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Hos oss er det viktig at du
• kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
• er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot.
• jobbar strukturert og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
• trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.
Vi Kvifor skal du velje oss?
• Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
• Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar
• Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no
Kjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5063750494
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 01.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Stord, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
T
Terapeuteining Stord sjukehus
Andre stillinger innen samme område
Nav familie- og pensjonsytelser Stord
Stord, Vestland
Heltid