Barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent
NAVBemanningssenteret, Helse Bergen HF
Barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent
NAVBemanningssenteret, Helse Bergen HF
Stillingsbeskrivelse
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester.
Bemanningssenteret søker etter barnehageassistentar og har ledig følgande stillingar:
* 100% vikariat frå snarast og til 30.06.2026
* Tilkallingsvikarar til sporadiske vakter til alle barnehagane i Helse Bergen
Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
• Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre
• Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling
• Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen
• Følge den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen
• Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar
Kvalifikasjonar
• Erfaring frå barnehage
• Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
• God kunnskap om hygiene
Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader
• Meistre varierte arbeidsoppgåver
• Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
• Evne å sette deg inn i dei ulike barnehagane sine rutinar og planar
• Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast
• Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre
• Helse til fysisk krevande arbeid
• Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
• God opplæring
• Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5063878404
Stillingsprosent: 100, 0%
Vikariat, Anna
Søknadsfrist: 27.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Kronstad allmennpsykiatri, Helse Bergen HF
Dely AS Peppes Landås
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Tolletaten
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus