Assistent til fast helgestilling
NAVPsykiatrisk klinikk/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen HF
Assistent til fast helgestilling
NAVPsykiatrisk klinikk/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen HF
Stillingsbeskrivelse
Seksjon Tidleg psykose Sandviken (TPS), er ein lukka utredningspost for unge nysjuke, lokalisert ved Sandviken sjukehus. TPS skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Tilbodet er til unge nysjuke i alderen 16-30 år med både rusproblem og dei utan. Pasientgruppene er delt inn i to fråskilde områdde.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TP har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar, assistentar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å legge til rette for fysisk aktivitet. Vi har også erfaringskonsulent.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Tidleg psykose har ledig helgestilling: 3 x 20% med arbeid pt kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
• Pasientoppfølging som inneber oppfølging av miljøterapeutiske tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
• Tverrfagleg teamarbeid
• Observere og dokumentere
• Ein-til-ein kontakt og støttesamtalar
• Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
• Vi søker etter assistentar som er under utdanning innan helseretta arbeid eller er utdanna innan helse
• Ønskeleg med interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk
• Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
• Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
• Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
• Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
• Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
• Samarbeidsvillig og serivceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
• Lojal, roleg og tolmodig
• Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
• Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Triveleg arbeidsmiljø
• Høgt fagleg nivå
• Fagleg og personleg utvikling
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Mjøs Kristiansen, Seksjonsleiar, cathrine.mjos.kristiansen@helse-bergen.no
Nora Kjerpeseth Kvellestad, Assisterande seksjonsleiar, nora.kjerpeseth.kvellestad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5063834637
Stillingsprosent: 20, 14%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 02.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 23 timer siden
Om bedriften
Psykiatrisk klinikk/ Tidleg psykose Sandviken (TPS), Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF