Barne - og ungdomsarbeider fast 100 % stilling
NAVVindafjord kommune Skjold barnehage
📍 Skjold, Rogaland
📂 Utdanning
📅 Publisert 15 timer siden

Stillingsbeskrivelse
Me søker deg som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, eller har annan relevant utdanning/erfaring. Me har ledig 100% fast stilling frå 18.03.2026 i Skjold barnehage, med moglegheit for å starte før om du kan.
Skjold barnehage ligg idyllisk til på Vikaneset, omgitt av vakker natur med nærleik til både sjø og fjell. Her får du jobbe i eit inspirerande miljø, med gode moglegheiter for uteaktivitetar og naturopplevingar saman med barna.
Barnehagen har 8 avdelingar og eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der trivsel og samarbeid står i fokus. Me ser etter ein engasjert og omsorgsfull kollega som vil vera med å skapa ein trygg og utviklande kvardag for barna.
Kva får du jobba med hos oss?• Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
• Vera ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
• Vera ein god rollemodell for barna.
• Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
• Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
• Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
• Halde deg fagleg oppdatert.
• Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.
Me kan tilby:• Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
• Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
• Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
• Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
• Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
• Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
• Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
• Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
• Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
• Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
• Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje, og vil bli vurdert. Ein vil då få stillingskode som assistent.
• Personen må vera skikka til å jobbe i barnehage, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna.
• Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing.
• Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:• Positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
• Du må lika å vera ute.
• Du må lika å vera i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
• Du må kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:• Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
• Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Skjold, Rogaland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 15 timer siden
Om bedriften
V
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Andre stillinger innen samme område
SpareBank 1 Sør-Norge Forretningspartner
Skjold, Rogaland
Heltid
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Skjold, Rogaland
Heltid
Robust Bemanning AS
Stavanger, Rogaland
Heltid