Spennande vikariat for fysioterapeut – er det deg?
NAVTerapeuteining Stord sjukehus
📍 Stord, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 2 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Er du fysioterapeut og vil jobbe i eit tverrfagleg team som fokuserer på å fremje helse, meistring og livskvalitet? Søk jobb hos oss!
Terapeuteininga ved Stord sjukehus har ledig vikariat for fysioterapeut frå 9. februar 2026 til 16. august 2026 – og vi håpar du har lyst å bli ein del av gjengen vår. Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet.
Hos oss jobbar ni fysioterapeutar og ein turnusfysioterapeut. Kvardagen er variert - vi dekkjer rehabiliteringsposten, medisinske og kirurgiske postar, felles intensivpost, rehabiliteringspoliklinikken og poliklinikk for fysikalsk medisin. Vikaren vil vi bruke på medisinsk og kirurgisk post, der det til ei kvar tid er størst behov. Det blir sett av god tid til opplæring og oppfølging slik at du er godt rusta for jobben.
Stillinga vil gi deg gode moglegheiter for allsidig praksis og kompetansebygging. Vi har eit høgt fagleg engasjement i avdelinga vår, og eit triveleg arbeidsmiljø.
🔹 Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi du vil søkje jobb hos oss!
Terapeuteining Stord høyrer til avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Sjukehuset ligg midt mellom Bergen og Stavanger – akkurat passe stort og akkurat passe nært.
Stord er eit koseleg lite lokalsamfunn med både fjell, sjø og skjærgård rett utanfor døra. Her er det kort veg til turstiar, padlemoglegheiter, kaféliv og kulturarrangement – og med daglege direktefly til Oslo, kjem du deg lett både til og frå.
Kva går jobben ut på?
• Kartlegging og behandling av pasientar
• Dokumenteringsarbeid
• Tverrfagleg samarbeid i team
• Samhandling med kommune og pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
• Det er ein fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/spesialisthelstenesta.
• Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Hos oss er det viktig at du:
• kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
• er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot.
• jobbar ryddig og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
• trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.
Kvifor skal du velje oss?
• Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
• Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar
• Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no
Kjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5064252324
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 09.02.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 28.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Stord, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
T
Terapeuteining Stord sjukehus
Andre stillinger innen samme område
Døgnpost Stord DPS
Stord, Vestland
Heltid
Nav familie- og pensjonsytelser Stord
Stord, Vestland
Heltid