Sommarjobb
NAVKartverket
Sommarjobb
NAVKartverket
Stillingsbeskrivelse
Kartverket Vestland søkjer 1–2 studentar til spennande og relevante oppgåver innan geodata og kartarbeid. Her får du fagleg påfyll og høve til å bidra med viktige kartdata til nytte for samfunnet.
Vi tilbyr fagleg relevante arbeidsoppgåver og høve til å bli kjend med ein kunnskapsrik organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Kartverket har fylkeskartkontor over heile landet, med eit breitt spekter av arbeidsoppgåver. Mange av kontora skal ha sommarhjelparar i år, og vi legg opp til eit felles forum på Teams for studentar som har sommarjobb ved dei ulike fylkeskartkontora, for dialog og erfaringsutveksling.
Arbeidsoppgåver
• Kvalitetsheving av geodata, med hovudvekt på kvalitetsheving av datasettet TraktorvegSti
• Andre oppgåver kan leggjast til ved behov
Kvalifikasjonskrav
• Du må ha starta høgare utdanning. Søkjarar som studerer geografi eller liknande fag vil bli føretrekte.
• Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
• Det er ein fordel med erfaring i handsaming av kartdata
• Personlege eigenskapar:
• Du kan arbeide sjølvstendig og setje deg inn i nye problemstillingar og fagområde.
• Du er systematisk og strukturert.
• Du har gode samarbeidsevner.
• Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver.
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar, er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv. Ved å jobbe hos oss er du med på å påverke samfunnsutviklinga.
Vi ønskjer å gi dei tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står i fokus. Vi er 14 tilsette ved fylkeskartkontoret i Bergen og er ein fin gjeng med eit godt arbeidsmiljø. Kontoret ligg sentralt i sentrum, like ved eit kollektivknutepunkt. Vi har både sommarhjelpar og praksiskandidatar kvart år, og gler oss til å bli kjende med fleire nye unge.
Vi tilbyr
• Spennande sommarjobb tilrettelagd for læring og utvikling i eit triveleg arbeidsmiljø.
• Opptening av pensjonspoeng i Statens pensjonskasse.
• Sommarjobben blir lønt som teknikar, kode 1090, kr 260 per time.
Om søknaden din
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring», og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteke av mangfald og ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen.
Søkjarliste er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
• support@jobbnorge.no
• 75542220
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 dager siden
Om bedriften
Kartverket
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Helse Bergen HF