Vil du bidra til at fleire får rett kompetanse for å kome i arbeid?
NAVSeniorrådgivar Nav Bergen sentrum - avd. Tjenesteinnovasjon
Vil du bidra til at fleire får rett kompetanse for å kome i arbeid?
NAVSeniorrådgivar Nav Bergen sentrum - avd. Tjenesteinnovasjon
Stillingsbeskrivelse
Rolla inngår i eit team på fire opplæringskoordinatorar som blir koordinert frå NAV Vestland, og som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.
I avdeling for tenesteinnovasjon blir du del av eit lag på 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar innan marknadsarbeid, tiltak og kvalifisering. Saman jobbar vi kvar dag for å gje brukarar nye moglegheiter i arbeidslivet, eller kvalifisering som styrkjer sjansane deira på jobbmarknaden.
Vi er ein framoverlent gjeng som stadig er på jakt etter gode løysingar og betre tenester for brukarane våre. Her får du både jobbe sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag.
Kva går jobben ut på?
• Leggje til rette for meir bruk av opplæring som arbeidsmarknadstiltak i regionen
• Ha oversikt over kvalifiseringstilbod og moglegheiter innan fag- og yrkesopplæring
• Vere ein ressurs for NAV-rettleiarar og kunne gi støtte i saker som handlar om opplæring og utdanning
• Samarbeide tett med NAV-kontor og bidra til kompetanseutvikling, både digitalt og gjennom kurs og samlingar
• Bidra til å utvikle gode opplæringstiltak som møter behova til NAV sine målgrupper og arbeidsmarknaden
• Følgje opp samarbeidsavtalar og opplæringsmodellar
• Styrkje samarbeidet mellom NAV, bransjar og fylkeskommunen om vidaregåande opplæring
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Utdanning på bachelornivå, gjerne innan samfunns-, sosial- eller pedagogiske fag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
• Kunnskap om fag- og yrkesopplæring og den lokale arbeidsmarknaden
• Erfaring med samhandling og nettverksbygging
• Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg
• Gode digitale ferdigheiter
• Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod
Det er ein fordel om du har• Kjennskap til utdanningssystemet og fylkeskommunen sitt opplæringstilbod
• Erfaring med utvikling av kvalifiseringsløp (til dømes fagbrev)
• Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid, samt tverrfagleg samarbeid
• Erfaring med informasjons- og rettleiingsmøte for grupper
• Kompetanse innan rekruttering og karriererettleiing
Kva ser vi etter hos deg?
• Strukturert og målretta, med evne til å ha oversikt og prioritere
• Dyktig til å bygge relasjonar og samarbeide på tvers av aktørar
• Trygg i formidling og kommunikasjon, både digitalt og fysisk
• Initiativrik og løysingsorientert, med vilje til å utfordre etablerte rammer
• Engasjert og positiv, med evne til å skape gode prosessar
Stillingen inneber å legge til rette for opplæringstiltak, samarbeide tett med NAV-kontor og eksterne aktørar, og bidra til kompetanseutvikling. Du vil ofte stå framfor folk, leie prosessar og utvikle løysingar som treffer arbeidsmarknaden sine behov.
Kvifor velje oss
• Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
• Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
• Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
• Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 675 000 til kr. 730 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
• God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Maj-Nan Tørrisplass, Fungerande avdelingsleiar Tjenesteinnovasjon, 98264835, maj-nan.torrisplass@nav.no
Arbeidssted
Møllendalsveien 8
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5063977434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 dager siden
Om bedriften
Seniorrådgivar Nav Bergen sentrum - avd. Tjenesteinnovasjon
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Helse Bergen HF