Fagkoordinator/miljøterapeut vikariat
NAVBu- og habilitering seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Fagkoordinator/miljøterapeut vikariat
NAVBu- og habilitering seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Stillingsbeskrivelse
I bu- og habiliteringsavdelinga har vi ledig eit vikariat som fagkoordinator og miljøterapeut. Stillinga høyrer for tida til seksjon lunde, som er ein av tre seksjonar i avdelinga.
Avdelinga har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim. Arbeidet er for tida i todelt turnus og har 35,5 timars arbeidsveke med arbeid fire helgar over ein periode på tolv veker. Vi nyttar årsturnus med både ordinære og lange vakter, noko som gir fleksible friperiodar.
Ein dag i veka er knytt til fagkoordinatorrolla. Som fagkoordinator vil du ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, samarbeide tett med leiar og kollegaer, og bidra til kvalitet, struktur og fagleg utvikling. Du vil vere med på å etablere rutinar og prosedyrar og rettleie andre tilsette. Kompetansen din kan òg bli nytta på andre område innan helse- og omsorgstenestene.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar, kan arbeide sjølvstendig og trivst i ein hektisk kvardag. Du får dyktige kollegaer som jobbar målretta med individuell pleie og omsorg av høg kvalitet. Vi søkjer deg som ser løysingar framfor avgrensningar, som står opp for det du meinar og tek ansvar for eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver
• fagleg rådgjeving og tilgjengeleg ressurs for andre tilsette
• koordinere arbeidsgrupper, rutiner og opplæring på arbeidsplassen
• sakshandsaming
• samarbeide med seksjonsleiar og ta ansvar i seksjonsleiar sitt fråvær
• kan verte pålagd å fungere som primærkontakt i periodar der ein ikkje har anna personale til å fylle rolla
• arbeid med elektronisk arbeidsplanverktøy, ajourhald og medverke i turnusarbeidet
• ansvar for å utarbeide og evaluere vedtak etter kapittel 9 i Helse - og omsorgstenestelova, saman med leiar og primærkontakter
• legemiddelhandtering
• bistand til daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
• målretta miljøterapautisk arbeid
• journalføring
Kvalifikasjonar
• autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, andre søkarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn kan bli vurdert
• relevant erfaring innan liknande arbeid
• kunnskap og erfaring i sakshandsaming
• har kunnskap om ulike IKT verktøy og velferdsteknologi, og kan bruke dette som arbeidsverktøy, t.d Gerica og Visma Flyt Ressursstyring.
• kjennskap og erfaring til Helse og omsorgstenestelova kapittel 9
• førarkort klasse B
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
• gode samarbeids- og relasjonseigenskapar, og evne til å skape entusiasme og motivere kollegaer
• vere med å skape mål og visjonar for tenesta
• vere fleksibel og arbeide strukturert og målretta
• gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
• ha evne til å vere inkluderande, handlekraftig, påliteleg, ta initiativ og ha gjennomføringsevne
• må kunne handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevjande ansvarsområde
• sette pris på å arbeide med, og i lag med mennesker
Vi legg vekt på at søkjaren er eigna for stillinga.Vi tilbyr
• utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
• deltaking i bu og habilitering si faggruppe, saman med andre fagkoordinatorar og leiing
• fagleg godt miljø med yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og fagarbeidar
• løn etter gjeldande tariffavtale
• gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
• IA-bedrift
• stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
• elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
• Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hildegunn Svastuen, Seksjonsleiar, +47 90684321
Arbeidsstad
Kvithaugsmyra 4
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5046587693
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Fosnavåg, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
Bu- og habilitering seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Andre stillinger innen samme område
Mestergruppen Byggevare AS
Havila Service
BERG-HANSEN NORDVEST AS
Bourbon Horizon As
Bourbon Horizon As