Konsulent/spesialkonsulent
NAVTenestekoordinering, Herøy kommune, Helse og meistring
Konsulent/spesialkonsulent
NAVTenestekoordinering, Herøy kommune, Helse og meistring
Stillingsbeskrivelse
Avdeling for tenestekoordinering er ei av fem avdelingar i sektor helse og meistring, og er stab til kommunalsjefen. Tenestekoordinering har som formål å bidra til heilskapleg sakshandsaming for heile sektoren, i tillegg til spesifikke støttefunksjonar og teknisk drift. I samarbeid med dei andre avdelingane skal tenestekoordinering syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinerte tenester i samsvar med dei pliktene og rettane som lovverket gir.
Kommunane på søre Sunnmøre er i ferd med å etablere felles forvaltningskontor. Per i dag har tenestekoordinering i Herøy ansvaret for sakshandsaming og tildeling av tenester til innbyggarar i Sande kommune. Dersom vi i løpet av 2027 startar arbeidet med å innføre ei ny kommune kan det verte moglegheit for at stillinga blir forlenga eller gjort om til fast stilling.
Arbeidsoppgåver
• forvaltning av helse- og omsorgstenester (sakshandsaming)
• fagansvar for lærlingar i helsearbeidarfaget
• overvaking av e-meldingar
• del av koordinerande eining
• diverse merkantile oppgåver
• vederlagsutrekning dersom du har erfaring med det
Arbeidsoppgåvene kan endre seg.
Kvalifikasjonar
• det er eit krav at du har bachelor i helsefag
• vidareutdanning og/eller erfaring i sakshandsaming er ein stor fordel
• erfaring med vederlagsutrekning er ein stor fordel
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
• du er imøtekomande
• du er sjølvstendig og strukturert
• du er løysingsorientert
• du skaper gode relasjonar til dei rundt deg
• du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne
• du har handlekraft og gjennomføringsevne
• du har god digital kompetanse
• du er positiv til endringar
Vi tilbyr
• god opplæring
• eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegar
• fleksibel arbeidstid
• gode forsikrings- og pensjonsordningar
• løn etter gjeldande tariffavtale
• IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med
25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn på intervju.
Kontaktinformasjon
Inga-Lill Slenes Bjørnstad, Avdelingsleiar, +47 90825260
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5044628600
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 03.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Fosnavåg, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
Tenestekoordinering, Herøy kommune, Helse og meistring
Andre stillinger innen samme område
Mestergruppen Byggevare AS
Havila Service
BERG-HANSEN NORDVEST AS
Bourbon Horizon As
Bourbon Horizon As