Rettleiar
NAVBergen sentrum, Nav
Rettleiar
NAVBergen sentrum, Nav
Stillingsbeskrivelse
Vi har no ledig ein fast stilling ved avdeling Oppfølging ung på Nav Bergen sentrum.
Her får du jobbe med oppfølging av unge brukarar og vere ein viktig del av eit kontor som har høge ambisjonar for kvalitet og resultat. Vi jobbar etter prinsippet om kontinuerleg forbetring for å gje brukarane våre best mogleg støtte og nye moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og er bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman 300 tilsette, 150 er statleg tilsette.
Kva går jobben ut på?
• Kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
• Følge opp og rettleie gjennom samtaler og samarbeidsmøte
• Ha digital kommunikasjon med brukar
• Sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltningsloven
• Sjå brukar sin kompetanse og korleis brukar kan kome raskt i jobb
• Ha tett dialog med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
• Vera flink til å bruke digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office365
• Ha god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Det er ynskjeleg at du: • Har erfaring frå arbeid med å motivere og skape endring hjå ungdom
• Har rettleiingserfaring knytta til å avklare brukars behov eller i å bistå brukarar i
prosessen mot ny jobb
• Har erfaring frå å jobbe i samarbeid med andre, til dømes gjennom nettverk
Kva ser vi etter hos deg?
• Skapar trygge og gode relasjonar
• Motiverer andre til endring
• Strukturert, men fleksibel når kvardagen krev det
• Løysingsorientert og tek initiativ
Kvifor velje oss
• Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
• Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
• Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
• Statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
• God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Marius Hilton, Avdelingsleder, 45837024, marius.h.hilton@nav.no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5064261408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 dager siden
Om bedriften
Bergen sentrum, Nav
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Helse Bergen HF