Ynskjer du å hjelpe personar ut i arbeidslivet?
NAVVikariat som rettleiar - Nav Vaksdal
📍 Dalekvam, Vestland
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 1 dag siden

Stillingsbeskrivelse
Ynskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem i arbeid? Trur du på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, har ein plass i arbeidslivet?
Nav sitt mål er at flest mogleg skal vera i løna arbeid eller annan aktivitet, og at færre skal vera avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vera i arbeid, delta i samfunnet og vera sikra inntekt. Nav Vaksdal har no eit ledig vikariat som rettleiar for vaksne med nedsett arbeidsevne. Me er eit lite Nav-kontor med 7 tilsette, der alle samarbeider om å løyse kontoret sine oppgåver til beste for innbyggjarane i kommunen. Me kan love deg ein interessant og variert arbeidsdag og eit godt arbeidsmiljø der me deler kompetanse og støttar kvarandre i oppgåveløysinga.
Ynskjer du å bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for menneske kvar einaste dag? Då håper vi at du søkjer hos oss! Oppstart for vikariatet er snarast, og varigheit er omlag eit år.
Arbeidsoppgåver
• Kartlegge og motivere brukarar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å komma i arbeid
• Følge opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøte
• Sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
• Ha tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksverksemder og andre samarbeidspartnarar
• Bidra til sosial og økonomisk tryggleik for innbyggjarane i Vaksdal kommune, og fremje overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet
Det kan bli nokre endringar i arbeidsoppgåvene
Kvalifikasjonar
• Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, gjerne innan sosiale fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
• Erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar
• Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk. Vaksdal kommune har nynorsk som målform
• Rettleiings- eller inkluderingskompetanse
• Førarkort kl. B
De er fint om du og har:
• Kunnskap om og interesse for arbeidsmarknad og opplæringsmoglegheiter i og rundt Vaksdal kommune
• Kjennskap til rettleiing om privatøkonomi
• Interesse for barn og unge sine levekår
Me håpar å finne deg som
• Likar å snakke med folk, og er trygg i møte med menneske i ein vanskeleg livssituasjon
• Trivst med å bygge relasjonar, både i møte med brukarar, samarbeidspartar og kollegaer
• Er sjølvstendig og robust, og tåler at oppgåver og rutiner stadig er i endring
Vi tilbyr
• Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
• Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
• Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
• Statleg tilsetjing i stillingskode 1434 Rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 til kr. 660.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
• God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om å jobbe i Nav
Kontaktinformasjon
Hanne Lunde, Kontorleiar, 95978584, hanne.lunde@nav.no
Arbeidsstad
Konsul Jebseng. 16
5722 Dalekvam
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5063910135
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 26.02.2027
Søknadsfrist: 28.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Dalekvam, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
V