Forskar 1109 i isdynamikk og klimamodellering
NAVUniversitetet i Bergen
Forskar 1109 i isdynamikk og klimamodellering
NAVUniversitetet i Bergen
Stillingsbeskrivelse
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAMellombels forskar
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i isdynamikk og klimamodellering. Stillinga er for ein periode på 20 månader knytt til prosjekta ClimateNarratives, finansiert av NFR, og ARIA DronePort.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
• Prosjektet fokuserar på å forstå og føreseie historiske og framtidige endringar i utløpsbrear langs vestkysten av Grønland, med fokus på Ilulissat Kangia og Sermeq Kujalleq.
• Forskerstillinga vil kombinere isflytemodellar med biletemateriale frå dronar ved bruk av maskinlæringsteknikkar og dataassimilering.
• Arbeidet vil innebere samarbeid med eit tverrfagleg team av forskarar, ingeniørar og lokale interessentar i eit prosjekt som samlar inn og nyttar sanntidsdata frå fjorden og breen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor geovitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
• Ferdigheiter innan klimadynamikk, isdynamikk, og dataanalyse er eit krav.
• Erfaring frå programmering og modellering av is og klima er eit krav.
• Erfaring frå arbeid i eit tverrfagleg team er ein fordel.
• Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
• Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
• eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
• medlemsskap i Statens pensjonskasse.
• stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 657 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
• gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
• ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
• namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
• CV
• karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
• relevante attestar
• liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Kerim Hestnes Nisancioglu, Institutt for geovitenskap, epost: kerim@uib.no, tlf: +47 55589866
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Universitetet i Bergen
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVDivisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheitsavdeling, Helse Bergen HF
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Helse Bergen HF