Ferievikarar 2026
NAVKommunalområde helse, Sykkylven kommune
Ferievikarar 2026
NAVKommunalområde helse, Sykkylven kommune
Stillingsbeskrivelse
Gjennom ein sommarjobb hos oss får du god innsikt i om yrket passar for deg. Samtidig som du gjer ein viktig jobb for pasientane, og ikkje minst at du bidreg til å oppretthalde alle einingane innan helsesektor gjennom heile sommaren. Vi har behov for kandidatar frå mai til og med august!
Vi ber om at du opplyser om følgjande i søknaden:
• Kva avdeling du ønsker å jobbe i. Søkjer du på fleire tenesteområde, ber vi deg om å sette opp ei prioriteringsliste
• Det er veldig viktig at du opplyser om kva for tidsrom du kan arbeide i
Einingar:
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS):
• Sone 1
• Sone 2
• Institusjon
• Korttid/rehab
• Natt
• Måltid og ernæring (Kjøkken)
• Heimehjelp (vask av leilegheiter)
• Vaskeri (vask av pasientane sitt tøy)
Helsehus• Heimebasert omsorg
• Heimebasert omsorg natt
• Heimehjelp
Bu- og rehabiliteringstenestene:• Ura
• Klokkerhaugen
• Barne - og avlastingsbustad
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
• Spanande og meiningsfylt arbeid innan helse - og omsorgssektoren med turnusarbeid dag/kveld/helg
• Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
• Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane
Kvalifikasjonar
• Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til sommervikar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ønskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje. Dei som har motteke stipend frå kommunen vil bli prioriterte.
• Søkjarar som skal arbeide innan pleie, må vere fylt 18 år.
• Vikarar i heimetenestene må ha førarkort. Det er også ein fordel å ha førarkort om du ønskjer å arbeide i bu- og rehabiliteringstenesta.
• For tilsette innanfor helse - og omsorgssektoren må det leggast fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar og assistentar.Vi tilbyr
• Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
• Kjekke kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
• Løn etter kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Vanessa Lyshol , avdelingsleiar barne - og avlastingsbustad, 94156291, vanessa.lyshol@sykkylven.kommune.no
Trine Garshol, avdelingsleiar Ura, 90776577, trine.garshol@sykkylven.kommune.no
Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar Klokkerhaugen, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.no
Linda Søvik, avdelingsleiar heimebasert omsorg natt, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no
Nina Hovdenakk, avdelingsleiar BUAS natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no
Eli Hustad Digernes, avdelingsleiar BUAS kjøkken, 90292029, eli.hustad.digernes@sykkylven.kommune.no
Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar BUAS korttid/rehab, 99494743, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.no
Janne Midtlid, avdelingsleiar BUAS institusjon, 99227466, janne.midtlid@sykkylven.kommune.no
Astrid Hammernes Strømme, avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Lillian Klock Urtegård, avdelingsleiar BUAS sone 1, 95948039, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5037852552
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Sykkylven, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Andre stillinger innen samme område
Møre Trafo AS
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF