Helsesjukepleiar 100% stilling (40% fast og 60% vikariat)
NAVBarne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Helsesjukepleiar 100% stilling (40% fast og 60% vikariat)
NAVBarne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig ei 100% stilling som helsesjukepleiar der 40% av stillinga er fast og 60% vikariat. Vikariatet er i første omgang gjeldande ut skuleåret 2025/2026, med moglegheit for forlenging.
Hjå oss vil du vere del av eit team med engasjerte helsesjukepleiarar og andre som arbeider opp mot målgruppa. Stillinga vil innehalde varierte oppgåver i helsestasjonstenesta og flyktninghelse. Du vil vere del av eit engasjert team, men ha eit sjølvstendig ansvar for gjennomføring av både konsultasjonar, trefftid på skule og oppfølging av årshjulet til avdelinga. Ein må og vere førebudd på å hjelpe til med andre oppgåver når dette trengs, m.a. ved ferieavvikling.
Helsestasjonen er ein del av barne- og familietenestene og har ansvar for helsestasjons- og skulehelseteneste for barn og unge frå 0 til 20 år, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og flyktninghelse. Tenesta er samlokalisert med barneverntenesta, pedagogisk-psykologisk teneste, flyktningtenesta, fysioterapitenesta for barn og unge, samt familiestøttande team. Alle desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvane følger Nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetenesta:
• Gjennomføre konsultasjoner i henhold til helsestasjonsprogrammet
• Undersøke, vaksinere og gi råd til barn, unge og foreldre om helse og oppvekst
• Rettleie i spørsmål om helse, utvikling, oppvekst, samliv, seksualitet og prevensjon
• Gjennomføre heimebesøk
• Bygge nettverk og drive miljøarbeid for barn, ungdom og familier
• Samarbeide med barnehage og skole og rettleie personalet om barnehage- og skulemiljøet
• Kartlegge, planlegge og samordne tiltak i samarbeid med andre faggrupper og etater
• Delta i tverrfaglege samarbeidsmøter
• Støtte og rettleie familiar med barn og unge med spesielle behov
Kvalifikasjonar
• Autorisasjon eller offentleg godkjenning som sjukepleiar
• Godkjent vidareutdanning innan helsesjukepleie
• Erfaring frå helsestasjon og skulehelseteneste er ein fordel
• Gode norskunnskapar, både skriftleg og munnleg
• God forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
• Gode samarbeids-, formidlings- og kommunikasjonsevner
• Krav om gyldig politiattest
• Sertifikat og disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
• Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
• Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
• Evne til å formidle kunnskap og jobbe systematisk
• Evne til å jobbe strukturert og målretta
• Evne til å sjå ressurser og løysinger
• Evne til å sjå verdien av tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
• Varierte arbeidsoppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
• Tett samarbeid med andre tenesteområder
• Godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
• Rettleiing av kommunepsykolog
• Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
• Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
• Obligatorisk tenestepensjonsordning
• Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
• Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kristin Iren Bjørge Thuen, Avdelingsleiar helsestasjon, 95068686, kristin.bjorge.thuen@sykkylven.kommune.no
Carolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, +47 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5061484098
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 28.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Sykkylven, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Andre stillinger innen samme område
Møre Trafo AS
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF