Rådgjevar grovfôr
NAVNorsk Landbruksrådgiving SA
Rådgjevar grovfôr
NAVNorsk Landbruksrådgiving SA
Stillingsbeskrivelse
Gjer ein skilnad -- kvar dag!I NLR SA står du i sentrum av utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil påverke retningsval og produksjon hos mange enkeltbønder og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
I NLR er vi nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette er avgjerande for å lukkast med vårt oppdrag. Vi har eit arbeidsmiljø med stor fagleg breidde og djupne, med høg kompetanse på mange fagfelt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling. Rådgjevarane våre styrer i stor grad sin eigen arbeidsdag. Vi ønskjer å få ut det beste av kvar einskilt tilsett, og du får høve til å spesialisere deg og jobbe med det du er god på og brenn for.
Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein person med interesse og kompetanse for grovfôr, som er sjølvstendig og strukturert og har eit positivt engasjement for landbruksnæringa. Du bør ha landbruksfagleg utdanning frå høgskule eller universitet og/eller annan relevant landbruksfagleg kompetanse og erfaring. Du må være utadvendt og like å oppsøke våre medlemmar og kundar, for å tilby rådgjeving.
Arbeidsoppgaver:
NLR hjelper norske bønder med et vidt spenn av rådgjeving. Vi ser etter ein person som kan møte aukande etterspurnad frå bønder på desse områda:
• Jordprøvetaking og utarbeiding av gjødslingsplaner.
• Klimarådgjeving
• Rådgjeving og informasjon til medlemmane, både munnleg og skriftleg.
• Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk.
• Utvikle rådgjevingstilbudet i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartar.
• Andre aktuelle arbeidsområde kan vere; grovfôrøkonomi og grovfôrstrategi, avhengig av søkarens interesser og kompetanse.
Vi tilbyr:
• Inntil 100 % fast stilling.
• Utfordrande fagleg arbeid i et aktivt miljø, både lokalt og nasjonalt, med gode høve for utvikling.
• Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet.
• Triveleg arbeidsmiljø.
• Løn etter avtale.
• Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Natur og miljø
- Sted
- Sandane, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Norsk Landbruksrådgiving SA
Andre stillinger innen samme område
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Tannpleiar
NAVSandane tannklinikk - Nordfjord klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Heimetenesta, Gloppen kommune