Vil du leie ei teneste som betyr noko- kvar einaste dag?
NAVHeimetenesta, Gloppen kommune
📍 Sandane, Vestland
📂 Salg og service
📅 Publisert 3 dager siden
Vil du leie ei teneste som betyr noko- kvar einaste dag?
NAVHeimetenesta, Gloppen kommune
📍 Sandane, Vestland
📂 Salg og service
📅 Publisert 3 dager siden
Stillingsbeskrivelse
35 dyktige kollegaer ventar på ein ny avdelingsleiar som skapar retning, gir tryggleik og rom for utvikling.
Vi treng deg som likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver, og som har ønskje og vilje til å sjå framover og vere med på å utvikle dei gode tenestene våre vidare.
I heimetenesta tel vala dine kvar dag, der gode relasjonar, tillit og fagleg stoltheit skapar gode tenester til innbyggjarane.
Sandane heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen kommune og vi søkjer no etter ein engasjert avdelingsleiar som kan vere med å leie og å vidareutvikle tenesta .Vi er eit arbeidsfellesskap av sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar og har vårt kontorlokale på Grandane. Målet vårt er at brukarane skal kunne bli buande heime lengst mogleg og meistre eigen kvardag trass sjukdom eller skade.
Som avdelingsleiar er du underlagt tenesteleiar og deltek i heimetenesta sitt leiarteam.
Nygjerrig? Ta kontakt eller søk no!
Arbeidsoppgåver
• Ha ansvar for dagleg drift, kvalitet, økonomi, turnus og ressursstyring.
• Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar med personalansvar og -oppfølging av om lag 35 medarbeidarar.
• Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar som får fram individuelle styrker hos dei tilsette og samtidig spelar laget godt saman.
• Ha fokus på eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette får brukt kompetansen sin og utvikla seg.
• Leie dei tilsette til å nå tenesta sine mål som er i utvikling for å møte morgendagens omsorgsbehov.
• Sikre at tenesta er i samsvar med kvalitetskrav, gjeldande lover og forskrifter og andre sentrale og interne reglar.
• Bidra aktivt i leiarteamet og med utviklingsarbeid i helse og velferd.
Kvalifikasjonar
• Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon.
• Ønskjeleg med leiarerfaring men inga krav
• Ønskjeleg med erfaring innanfor eldreomsorg og gjerne heimetenesta
• Gode munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
• Ønskjeleg med erfaring med turnusplanlegging, bruk av Profil og Visma ressursstyring.
Personlege eigenskapar
• Interesse og engasjement for heile mennesket
• Du tar ansvar for å ivareta eit godt arbeidsmiljø og er relasjonsorientert.
• Sjølvstendig med gode samarbeidsevne og med eit løysingsorientert fokus.
• Trygg på eigne ferdigheiter, både fagleg og personleg.
• Må trivast i eit aktivt miljø med mykje latter og glede
• Er ein fleksibel og endringsorientert rollemodell som oppmuntrar til dialog og medverknad.
• Du har evne til å sjå den enkelte og dei tilsette sine behov i arbeidskvardag
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
• Spennande og utfordrande stilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling i samarbeid med engasjerte og erfarne kollegaer.
• Ein unik moglegheit til å vere med å utforme tenestene i Gloppen heimeteneste.
• Teamarbeid med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.
• Lønn etter avtale.
• For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månadar.
Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5058806448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Sandane, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 dager siden
Om bedriften
H
Heimetenesta, Gloppen kommune
Andre stillinger innen samme område
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sandane, Vestland
Heltid
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sandane, Vestland
Heltid
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sandane, Vestland
Heltid
Tannpleiar
NAVSandane tannklinikk - Nordfjord klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Sandane, Vestland
Heltid