Vikariat rådgivar - samfunnstryggleik og beredskap
NAVStatsforvaltaren i Rogaland
📍 Stavanger, Rogaland
📂 Bygg og anlegg
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Vil du jobbe med samfunnstryggleik og beredskap hos Statsforvaltaren i Rogaland?
Beredskapsstaben hos Statsforvaltaren i Rogaland har i samband med foreldrepermisjon ledig eit vikariat som rådgivar frå 1. mai 2026 til 31. mars 2027. Vi ser etter ein samfunnsengasjert person som vil nytte fagkunnskapen og kompetansen sin til å gjere Rogaland tryggare.
Om stillinga
Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Rogaland. Vi skal bidra til å styrke regional og kommunal beredskap i samarbeid med andre beredskapsaktørar i fylket, og har ansvar for å samordne sivil krisehandtering på regionalt nivå.
Den tryggleikspolitiske utviklinga, har ført til fleire oppgåver knytt til totalforsvaret og sivilt militært samarbeid. Vi har tett også kontakt med kommunane, nødetatane, Forsvaret, andre statlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur i Rogaland.
Våre oppgåver er regulert i Instruks for Statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering.
Vi er underlagd Lov om nasjonal sikkerhet og har oppgåver som gjeld tryggleiksadministrasjon og rettleiing om lova.
Arbeidsoppgåver
Ein hovudoppgåve er å gi uttale til om samfunnstrykkleik til kommuneplanar, områdeplanar og reguleringsplanar med heimel i plan- og bygningslova. Andre oppgåver du kan ble set til er:
• gi generell rettleiing til kommunane og andre etatar for våre ansvarsområde
• delta i ulike prosjekt for utvikling av totalforsvaret og sivil militært samarbeid
• bidra i Statsforvaltarens samordning av krisehendingar
• delta i arbeidet med revisjon av risiko- og sårbarheitsanalysen på regionalt nivå (FylkesROS)
• evaluere handteringa av regionale krisehendingar
• revisjon av våre interne beredskapsplanar
• gjennomføre krisehandteringsøvingar
• helseberedskapsoppgåver
• tryggleikadministrasjon
• bruke krisestøtteverktøyet Rayvn
Kva av andre oppgåver du vert set til vil være avhengig av din kompetanse, dine interesser og kva vi treng. Det blir gitt nødvendig opplæring.
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
• har relevant utdanning på mastergradsnivå innan samfunnstryggleik, statsvitskap, by- og regionalplanlegging eller liknande. Kravet om mastergrad kan kompenserast med utdanning på bachelornivå og relevant erfaring
• har forståing for heilskapen i samfunnstryggleiksarbeidet
• har god formidlingsevne munnleg og skriftleg, på både bokmål og nynorsk
Erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er ein fordel, men nyutdanna blir og oppfordra til å søkje. Det er eit krav at den som blir tilsett kan sikkerheitsklarerast.
Personlege eigenskapar:
• du har gode formidlings- og samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
• du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
• du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
• lønn som rådgivar kr 620 000 - kr 680 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
• fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
• god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
• gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
• varierte, interessante og viktige oppgåver
• triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
• HjemJobbHjem-ordning
Det er 5 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Stavanger, Rogaland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
S
Statsforvaltaren i Rogaland
Andre stillinger innen samme område
Robust Bemanning AS
Stavanger, Rogaland
Heltid
Metis Utdanning AS
Stavanger, Rogaland
Heltid
Sopra Steria
Stavanger, Rogaland
Heltid