Vikar for kulturhusleiar
NAVSamfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
📍 Florø, Vestland
📂 Natur og miljø
📅 Publisert 23 timer siden

Stillingsbeskrivelse
Intern utlysing i Kinn kommune. Vi søker etter vikar for kulturhusleiar i 100% stilling for perioden 01.03.2026 til 01.02.2027 med mulighet for forlenging. Stillinga er organisert under Kulturtenesta med kultursjefen som nærmaste overordna. Kulturhusleiar vil vere avdelingsleiar for kulturhus/kino, og vil vere sidestilt med tre andre avdelingsleiarar på bibliotek, ungdom og frivilligheita.
Som kulturhusleiar vil du bli del av eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få det daglege ansvaret for drift og utvikling av dei kommunale kulturhusa i kommunen. Dette inneber m.a. utleige/utlån av lokaler, programmering av forestillingar, kontraktsforhandlingar med leigetakarar, tilrettelegging for arrangørar/kulturlivet, økonomistyring, turnusarbeid og dagleg personalansvar for dei tilsette. Til avdelinga ligg også oppfølging av spelemiddelsøknader, organisering av brukarmøter med frivilligheita, sakshandsaming for politiske utval, råd m.v. Andre drifts- og utviklingsoppgåver kan kome til. Noko kveldsarbeid og reiseverksemd mellom Måløy og Florø vil måtte påreknast. Det er valfri kontorplass Måløy eller Florø.
Kulturtenesta har varierte arbeidsoppgåver med mange spennande faglege utfordringar. Godt samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Tenesta har ansvar for forutan kulturhusa/kinoane også ansvar for fagområde som bibliotek, ungdomsklubbar, frivilligsentralar, utlånssentralar av idretts- og friluftsutstyr, Den kulturelle spaserstokken og - skulesekken, namnesaker, tilskotsordningar, kulturarv, investeringsprosjekt. Vi samarbeider breitt med andre kommunale tenester, andre offentlege instansar, frivillige lag og organisasjonar, det frie kunstfeltet, profesjonelle kulturinstitusjonar, kulturnæringsaktørar og tilgrensande fagfelt. Per i dag er vi 16 årsverk med rundt 30 tilsette fordelt på Florø og Måløy.
Arbeidsoppgåver
• driftsoppgåver med utleige/utlån, programmering, kontraktsforhandlingar
• utviklingsarbeid
• økonomi med budsjett og rekneskapsoppfølging
• personaloppfølging
• delta i arbeidet med investeringsprosjekt
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning på minimum bachelornivå, helst innan kulturfag og økonomi. Relevant praksis fra heile eller deler av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
• Gode IT-kunnskapar og erfaring med digitale system og løysingar
• Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
• Erfaring frå arbeid med tilrettelegging og dialog med kultur- og idrettsfrivilligheita er ønskjeleg
• Leiarerfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
Du må ha høg integritet, vere analytisk og likar å løyse koplekse problemstillingar. Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må trivast med høgt arbeidstempo og takle endringar. Personleg eignaheit vil vektleggast.
Du er
• ein positiv og raus lagspelar
• utadvendt og serviceinnstilt
• ansvarsbevisst, utviklings- og løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
• god til å planlegge og organisere arbeidet
Vi tilbyr
• Eit spennande, breitt og godt arbeidsmiljø
• Kommunal pensjons- og forsikringsordning
• Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, 91710500
Arbeidsstad
Markegata 51
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5062378718
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 28.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Natur og miljø
- Sted
- Florø, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 23 timer siden
Om bedriften
S
Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
Andre stillinger innen samme område
Petroleum Services AS
Florø, Vestland
Heltid
9. Statens Naturoppsyn (SNO)
Florø, Vestland
Heltid
Westcon Power & Automation AS
Florø, Vestland
Heltid
SES ENERGY
Florø, Vestland
Heltid