Lærar i kjemiprosess- og laboratoriefaget
NAVOPK-KH - Fagstab, Kvinnherad vidaregåande skule
📍 Husnes, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 dag siden

Stillingsbeskrivelse
Kvinnherad vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vera ein tydeleg og aktiv pådrivar i utviklinga av Kvinnherad. Målsetjinga vår er å vera den viktigaste møteplassen og lærestaden for ungdom i Kvinnherad.
På KVV er me stolte av å skape eit inkluderande og positivt læringsmiljø. Vi har gjennom prosjektet "Ulikt utgangspunkt, like sjansar" eit stort fokus på inkluderande praksis og tilpassa opplæring. Det betyr at vi jobbar for at det spesialpedagogiske skal gå hand i hand med den ordinære opplæringa, og at alle elevar skal kjenna seg fagleg og sosialt inkluderte i fellesskapet.
Frå 01.04.2026 har vi ledig 100% fast undervisningsstilling som lærar i kjemiprosess- og laboratorefaget
Arbeidsoppgåver
• Undervisning og oppfølging av elevar.
• Undervisning på programområdet Kjemiprosess- og laboratoriefag/Teknologi- og industrifag
• Planleggje og gjennomføra opplæring i tråd med læreplanmåla.
• Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
• Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Det vil bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
• Fagbrev innafor kjemi- og prosessfag og laboratoriefag. Andre fagbrev innan Teknologi og industrifag kan og vere relevant.
• Praktisk røynsle frå faget.
• Ønskjeleg med Fagskule og/eller høgskule i kjemiprosessfag.
• Kandidatar utan pedagogisk utdanning kan og søkje, og kan tilsetjast på vilkår av påbegynt yrkesfaglærarutdanning innan tre år frå tilsetjing.
• God digital kompetanse.
• God formidlingsevne på norsk, skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
• Engasjert i faget og i utdanning av nye fagarbeidarar.
• Tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode elevrelasjonar og godt klassemiljø.
• Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
• Du har ei positiv innstilling.
• Du ser behova til den enkelte elev.
• Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
• Du arbeider strukturert og systematisk.
• Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
• Du har god pedagogisk forståing.
• Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
• Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
• Du trivest i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Du som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
• Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
• Gode høve til eiga læring og utvikling.
• Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Linda Dale Heimstad, Avdelingsleiar, 48035098, linda.dale.heimstad@vlfk.no
Arbeidsstad
Opsangervegen 160
5460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5059225191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Husnes, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
O
OPK-KH - Fagstab, Kvinnherad vidaregåande skule
Andre stillinger innen samme område
Kvinnherad kommune Barn og familie
Husnes, Vestland
Heltid
Tannlege
NAVIDI-TH - Husnes tannklinikk-Stord/Tysnes/Kvinnherad klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Husnes, Vestland
Heltid