Har du lyst til å jobbe med menneske og bidra til at fleire kjem i arbeid?
NAVSogndal Tenester til arbeidsgjevar, Nav
📍 Leikanger, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Har du lyst til å jobbe med menneske og bidra til at fleire kjem i arbeid?
NAVSogndal Tenester til arbeidsgjevar, Nav
📍 Leikanger, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Me søkjer ein målretta og motivert rådgivar til eit vikariat i eitt år.Har du lyst til å jobbe med menneske og bidra til at fleire kjem i arbeid? Då kan du vere den vi ser etter!NAV Sogndal har ledig eit vikariat i 100 % stilling som rådgivar, med varigheit førebels på eitt år. Stillinga inngår i eit regionalt oppfølgingsteam med arbeidsoppgåver for heile region Sogn, og omfattar kommunane Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal. Stillinga er ledig frå snarast, og arbeidsstad er NAV Sogndal.
Hovudfokuset er å bidra til at fleire kjem i arbeid og blir sjølvstendige. Du vil følgje opp personar som treng rettleiing og støtte for å kome i utdanning, arbeid eller anna aktivitet.
Kva går jobben ut på?
• Rettleiing og oppfølging av vaksne over 30 år med helseutfordringar som har behov for hjelp for å komme ut i jobb, kvalifisering eller aktivitet.
• Kartlegging av ressursar, hindringar og moglegheiter for arbeid, kvalifisering eller aktivitet.
• Samhandling med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre for å nå brukar sitt mål om arbeid, kvalifisering eller aktivitet.
• Rettleie i bruk av Nav sine digitale tenester
• Gjennomføre møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Bachelor eller tilsvarande (minst 3 år) innanfor helse eller sosialt arbeid, arbeids- og velferdsfag, pedagogikk eller annan relevant utdanning. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
• Relevant erfaring med rettleiing og/eller oppfølging av vaksne
• God munnlege og skriftlege norskkunnskapar og god skriftleg framstillingsevne
• Gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har • Erfaring frå rettleiing, saksbehandling eller lignende arbeid fra offentlig sektor
• Kjennskap til arbeidslivet og samarbeid med eksterne aktører
• Kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag.
• Førerkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
• Byggjer gode og tillitsfulle relasjonar
• Trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar
• Arbeider målretta og grundig, og held framdrifta i prosessane
• Tilpassingsdyktig og trivst når arbeidsdagen byr på ulike oppgåver og uventa endringar
Kvifor velje oss
• Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
• Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
• Relevant opplæring og gode høve til utvikling
• Fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
• Løn i stillingskode 1434 rådgivar frå kr 622.000 - 643.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
• God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Rigmor Wathne, Avdelingsleiar, 47286676, rigmor.wath@nav.no
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5060731034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Leikanger, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
S
Sogndal Tenester til arbeidsgjevar, Nav
Andre stillinger innen samme område
Statsforvaltaren i Vestland
Leikanger, Vestland
Heltid
Instefjord Asfalt As
Leikanger, Vestland
Heltid