Frydenbø Bil i Sogndal søker mekaniker!
NAVFrydenbø Bil ASV AS
Frydenbø Bil i Sogndal søker mekaniker!
NAVFrydenbø Bil ASV AS
Stillingsbeskrivelse
Frydenbø Bil i Sogndal søkjer ein ny mekanikar til teamet vårt. Vi tilbyr ein kvardag prega av samarbeid, trivsel og gode moglegheiter for utvikling, både fagleg og personleg.
Frydenbø Bil i Sogndal er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, samt merkeverkstad for Audi og Skoda. Verkstaden vår ligg i moderne og godt utstyrte lokalar i Sogn Næringspark, og her får du jobbe med teknologien og produkta frå nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi legg stor vekt på verdiane våre -- entusiastisk, ærleg og ansvarleg -- og desse pregar både det daglege arbeidet vårt og korleis vi møter kundane våre.
Arbeidsoppgåver:
• Service og vedlikehald
• Diagnose og feilsøking
• Reparasjonar og mekanisk arbeid
• PKK
• Montering av ekstrautstyr
Hos oss får du:
• Fagleg og personleg utvikling-- vi gir deg opplæring og kurs som gir deg moglegheiter for utvikling i bilfaget
• Spennande arbeidsoppgåver -- arbeid med nokre av verdas mest kjende bilmerke
• Eit inkluderande arbeidsmiljø -- trivsel og samarbeid står i fokus, og du får støtte frå erfarne kollegaer
• Gode personalfordelar -- konkurransedyktig løn, gode forsikringsordningar inkludert helseforsikring, støtte til trening, rabattar på bil og båt, samt tilgang til hytter/leilegheiter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Vi ser etter deg som:
• Har relevant fagbrev, fortrinnsvis bilmekanikar
• Har god kunnskap om bil og interesse for faget
• Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
• Er omgjengeleg og serviceinnstilt
• Har fokus på å levere god kvalitet og skape gode kundeopplevingar
• Har gode haldningar, viser fleksibilitet og evnar å stå på
Hos Frydenbø Bil i Sogndal blir du ein del av eit solid selskap med spennande utviklingsmoglegheiter og gode kollegaer.
Høyrast dette interessant ut? Send oss gjerne søknaden din, vi vurderer kandidatar fortløpande.
Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med Servicemarkedssjef Rune Stølen.
• Telefon 99 20 50 97
• E-post: rune.stolen at moller.no
Søknadsfrist: 31. januar 2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Sogndal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Frydenbø Bil ASV AS
Andre stillinger innen samme område
Sogndal kommune Helsestasjon
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter
Sognenett
FjellX
Den norske kyrka, Bjørgvin bispedøme